JAKUPSCENA
  • HEIM
  • PROGRAM
    • Arkiv
  • OM JAKUPSCENA
  • BOOKING
  • KONTAKT OSS

Nytt frå Jakupscena

Sesongprogram våren 2021

27/12/2020

2 Comments

 
Vi har gleda av å endeleg vise fram det flotte sesongprogrammet vårt for våren 2021! 

Vi har tre eigne konsertar i tillegg til at vi er så heldige å få vera medarrangør på tre andre konsertar også. Eit spennande konserttilbod i Lom og Skjåk denne våren med andre ord.

Sjå programmet her: PROGRAM. 
2 Comments

Billettar i salg

21/12/2020

1 Comment

 
No er billettsalget opna for konserten med Bjørn Kåre og Mads Erik Odde 14. januar i Marlo grendahus.

Det lønner seg å vere tidlig ute med å sikre seg billett då det er eit avgrensa tal med plassar i publikum for å sørge for nødvendig avstand mellom ulike kohortar. 
Det vil også berre vera mogleg å kjøpe billett på førehand.

​Velkomen på konsert!

Kjøp billett her
1 Comment

Velkomen til Jakupscena

4/12/2020

1 Comment

 
Vi er veldig glade og stolte over å kunne presentere rykande ferske Jakupscena til dykk! 
Jakupscena er ei heilt ny scene for folkemusikk og folkedans som skal ha både konsertar og dansearrangement i Lom og Skjåk. 
Seinsommaren 2020 møttest Astrid Sulheim, Margrete Morken og Solveig Brekke Hauknes til eit fyrste idémyldringsmøte for å sjå om ei scene for folkemusikk og folkedans kunne vere ein idé i området. Nokre drodlemøter og mange søknader seinare sit vi her klare til å lansere prosjektet for dykk. 
Vi har fått overveldande god respons og gler oss stort til å kunne presentere musikk og dans av høg kvalitet til eit heldig publikum i løpet av heile 2021. Det har vore ei trist tid for kulturarrangement og sosiale møteplassar i 2020, så no kryssar vi fingra for at året 2021 vil bli betre og at folk er klare for å få meir kulturelt påfyll att.

Følg med framover for informasjon om program, sosiale medier-profiler med meir. 

Og du, ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller idear. Vi er veldig glade for attendemeldingar og tips.
Picture
1 Comment

    Arkiv

    January 2021
    December 2020

    Kategorier

    All

    RSS Feed

Proudly powered by Weebly
  • HEIM
  • PROGRAM
    • Arkiv
  • OM JAKUPSCENA
  • BOOKING
  • KONTAKT OSS