Jakupscena er ein heilt ny konsertserie for folkemusikk og folkedans i Lom og Skjåk. I løpet av 2021 skal vi arrangere seks konsertar og forestillingar som vi håpar du vil få med deg.
Det blir lokale, kjende utøvarar og grupper, men også besøk frå andre deler av landet. Jakupscena skal også syne fram dei unge lovande utøvarane i området i forkant av kvart arrangement. |