Vi hadde gleda oss stort til å starte det nye året (og vår fyrste sesong) med konsert med Bjørn Kåre og Mads Erik Odde 14. januar. Grunna dei nye smitteverntiltaka vert det diverre ikkje mogleg å gjennomføre som planlagt. Det er leit men naudsynt.
Vi arbeider med å sjå på moglegheiter for ein ny konsert, så i fyrste omgang er arrangementet utsett. Meir informasjon kjem så snart det er klart. Tusen takk til alle som hadde kjøpt billett og til alle som har trua på oss. Vi er sikre på at vi om ei stund skal få treffast til gode konsertopplevingar igjen. Alle som har kjøpt billett vil få informasjon løpet av den næraste tida.
0 Comments
|
ArkivKategorier |