JAKUPSCENA
  • HEIM
  • PROGRAM
  • Smittevern
  • Nyheiter
  • OM JAKUPSCENA
  • BOOKING
  • KONTAKT OSS

Om Jakupscena

Jakupscena er ein nyetablert konsertserie for folkemusikk og folkedans i Lom og Skjåk som vil formidle arrangement av høg kvalitet. Namnet Jakupscena kjem av den kjende spelemannen Fel-Jakup som var mykje i både Lom og Skjåk i si tid. I 2021 er det 200 år sidan Fel-Jakup vart fødd, difor synes vi det passer bra med oppstart av Jakupscena i jubileumsåret. Jakupscena planlegg ca. seks konsertar/danseforestillingar i løpet av det fyrste året der arrangementa vil finne stad i ulike lokale i både Lom og Skjåk.

Eit av hovudfokusa til Jakupscena er å aktivt involvere barn og unge. På kvar konsert vil vi presentere eit knippe unge, lokale folkemusikk- og folkedanstalent.  

Det er Astrid Sulheim, Margrete Morken Bøye og Solveig Brekke Hauknes som står bak Jakupscena. ​

Margrete Morken Bøye

Picture
Foto: privat

Leder

Solveig Brekke Hauknes

Picture
Foto: Thor Hauknes

Styremedlem

Astrid Sulheim

Picture
Foto: Knut Utler

Styremedlem

Støtt oss

Jakupscena er avhengig av støtte og set stor pris på små og store bidrag. Vi har mange gode sponsorar, støttespelarar og samarbeidspartnarar, men har alltid plass til fleire.
Ta kontakt med oss dersom du eller di bedrift ynskjer å få til eit samarbeid.

Dersom enkeltpersonar ynskjer å støtte Jakupscena er det mogleg å Vippse ei gåve til vippsnummer: 622892, eller bli medlem (sjå under).
​

Bli medlem

Jakupscena er organisert som ei forening som er open for dei som ynskjer å melde seg inn i. Medlemskap kostar 100,- per person per år. Ved å vera medlem støtter du opp om eit viktig arbeid med å formidle folkedans- og folkemusikkarrangement i Lom og Skjåk. 

Meld deg inn ved å vippse 100,- til vippsnummer 622892 og skriv inn e-post og telefonnummer i meldinga. Dersom du ikkje har vipps kan du sende oss ein e-post til jakupscena@gmail.com.

Vi set stor pris på alle som ynskjer å bli medlem i Jakupscena!

Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • HEIM
  • PROGRAM
  • Smittevern
  • Nyheiter
  • OM JAKUPSCENA
  • BOOKING
  • KONTAKT OSS