Tid: Laurdag 19. mars kl. 12:00 Stad: Steinfjoset i Lom Billettpris: 180,-/100,-/0,- Kjøp billett her: https://checkout.ebillett.no/227/events/1503/purchase Varigheit: Ca. 40 min. Målgruppe: Passar for heile familien, primært born 3-10 år. Om Danse, sa fela!: - Ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel! - Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen. Ei familieforestilling av og med Silje Onstad Hålien og Nina Fjeldet. Danse, sa fela! er bygd opp som eit eventyr, og er ei moderne forestilling med tidlause referansar. Musikken og bevegelsesmaterialet er henta frå folkemusikken og folkedansen,og publikum vil gjennom dette språket bli introdusert for ei fantastifull fortelling. Publikum blir direkte involvert I forestillinga på fleire måtar, både gjennom tekst, bevegelse og lyd. Med: Silje Onstad Hålien (dans) og Nina Fjeldet (fele). Silje og Nina er ein dynamisk duo som med glød og iver formidlar sang og dans til born og unge. Forestillinga «Danse, sa fela!» er spelt over 300 gonger; på festivalar, bibliotek, utescener og gjennom DKS. I 2020 lagde dei bestillingsverket «Reglebein Reglebein» til Osafestivalen, i samarbeid med komponist Hans Martin Austestad. Silje Onstad Hålien er dansar og koreograf, opprinneleg frå Valdres, no busett i Oslo. Ho har vore sentral i utviklinga av det sceniske feltet innan folkedans, både med eigne forestillingar som "101 hattar å sparke før eg døyr" og "Dei gamle er eldst", og gjennom rolletolkningar som Smirre Räv på Västanå teater, Fossegrimens dotter på Det Norske Teatret og tittelrollen i «Pøbel i pels» på Riksscenen. I 2011 vart ho som fyrste kvinne i Norge kvalifisert for Eliteklassa i hallingdans. I 2015 vart ho kåra til Årets Folkemusiker. Nina Fjeldet er felespelar og formidlar av folkemusikk og folkedans. Ho kjem opprinneleg frå Gausdal, no busett i Målselv. Der arbeider ho som dagleg leiar av festivalen Kalottspel, i tillegg til å være freelance musikar og produsent. |
Tid: Onsdag 19. januar kl. 18:30
Stad: Kultursalen i Utgard Fleirbrukshus Billettpris: 180,-/100,- Kjøp billett her: https://checkout.ebillett.no/227/events/1461/purchaseBillettkjøp på nett, maks 50 i publikum med avstand mellom kvar husstand. Alle smittevernreglar vert fulgt. Om Døgeniktenes debatt: "Døgeniktenes Debatt er en delvis improvisert forestilling med akrobatikk, dans og dialog rundt temaer som står utøverne nært. I forestillingen forteller Ådne og Vetle sin egen historie - om to barn som blir født med bare et halvt års mellomrom på hver sin gård mot slutten av forrige årtusen. I en verden av uttallige muligheter kunne de ha blitt hva som helst, men enda er de bare døgenikter. Gjennom eksplosiv folkedans og fornøyelige refleksjoner inviterer de oss inn i en ærlig samtale rundt familieverdier, tradisjoner og ønsket om å gjøre sitt beste. Døgeniktene består av Ådne Geicke Kolbjørnshus og Vetle Springgard. De har sine røtter i hallingdans og har jobbet som folkedansere og scenekunstnere siden 2010. De har gjort flere produksjoner med bl.a. Frikar Dansekompani, Det Norske Teatret, Västanå Teater og har også laget en barneforestilling sammen. Idé, dialogdisposisjon, koreografi og dans: Vetle Springgard og Ådne Geicke Kolbjørnshus Musiker: Ole Nilssen Dramaturg: Morten Kjerstad Programfoto: Signe Fuglesteg Luksengard Produsert på Riksscenen i 2016 i samarbeid med Linn Skansen og Andreas Ljones." Med: Ådne Kolbjørnshus (dans), Vetle Springgard (dans) og Ole Nilssen (trekkspel, torader). Ungdomstalent: Dansarar frå Lom. |
SKJÅK
Tid: Sundag 12. desember kl. 12:00 Stad: Ramstadbue, Nordigard Ramstad Billettpris: 180,-/100,- Kjøp billett her: https://checkout.ebillett.no/227/events/1451/purchase PS: Begrensa med plassar, så det er lurt å kjøpe på førehand. Ledige billettar selgast i døra (kort/vipps). Kaffe og biteti inkludert i konsertbilletten. LOM Tid: Sundag 12. desember kl. 15:00 Stad: Aukrust gard og urteri Billettpris: 180,-/100,- Kjøp billett her: https://checkout.ebillett.no/227/events/1450/purchase PS: Begrensa med plassar, så det er lurt å kjøpe på førehand. Ledige billettar selgast i døra (kort/vipps). Gløgg og biteti inkludert i konsertbilletten. Vi planlegg for ein siste konsert med Jakupscena for i år der det vert konsert både i Lom og Skjåk på same dag! Konserten vert med den dyktige musikaren Vegar Vårdal, busett i Vågå. Om Vegar Vårdal: Vegar Vårdal fekk heiderstittelen Årets Folkemusiker 2020, og fekk også same året Hilmarprisen for sitt virke innan folkemusikk og folkedans. På denne konserten vil de få høyre litt frå hans liv som folkemusikar og kva som har forma han som både komponist, pedagog og utøvar. Han er kjent for å traktere fleire instrument og han vil ta med seg eit spekter av ulike strykeinstrument som han vil spele på, kanskje vert det ein smakebit frå andre instrument også. Og har de nokre ønsker så tek han gjerne i mot det. Velkommen til ein konsert som spenner over mange ulike tradisjonar og følelser! Med: Vegar Vårdal Ungdomstalent: Vilde og Mie Vårdal (feler). |
Tid: Torsdag 21. oktober kl. 19:30
Stad: Utgard Billettpris: 180,-/100,- Kjøp billett her: https://ebillett.no/utgardflerbrukshus/1418 Tonegjerd - dåmen etter Fel-Jakup I 2021 er det 200 år sidan Fel-Jakup vart født. I fylgje tradisjonen er han av dei beste musikarane Gudbrandsdalen har hatt! I høve jubileet er det skrive både bok og gjeve ut CD med Fel-Jakup-slåttar. Denne torsdagen i Utgard blir det musikk, anekdotar og historier om storspelmannen Fel-Jakup. Tufskrøkjun vil også gje oss smakebitar frå CDen «Nordavind». Bygdom millom fjellom og fjor fór han spelarferde. Enno rekkjer dei hans spor, finn att tonegjerde; kjenner dei som etter kom, dragje taa om Jakup Lom. Med Lom spelmannslag, Tufskrøkjun, Bjørn Kåre Odde, Astrid Sulheim, Mads Erik Odde, Arnstein Fjerdingren, Ivar Teigum, Ole Erik Feragen, Tonje Lien Barkenæs og Stein Magne Eggen. Denne konserten er eit samarbeid mellom utøvarane, Lom spel- og dansarlag, Utgard og Jakupscena. |
Tid: Torsdag 16. september kl. 19:00
Stad: Utgard Fleirbrukshus Billettpris: 180,-/100,- Kjøp billett her: https://ebillett.no/utgardflerbrukshus/1374 PS: Billett vil kun vera mogleg å kjøpe på førehand grunna korona. Om Aslak Brimi Kvartett: Aslak Brimi Kvartett vart Spellemann-nominert for sitt debutalbum, og kom våren 2021 med det tettvevde og fargerike albumet «Isomeri». Kvartetten fortsetter sitt dykk ned i kammerfolkemusikkens sfære. Det er nydelege melodiliner, driv og rytme, og gjennomarbeidde arrangement. Kvartetten står for vakker musikk, kvalitet i alle ledd, og spennande konsertar. I samband med albumlanseringa hadde kvartetten ei konsertveke i mars, og skal nå i september ut på ein «ekstra»-tur. Med: Aslak Brimi (fele, song), Espen Wensaas (cittern), Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj) og Svein Tore Werstad (saksofon) Ungdomstalent: Even Offerdal Bakken (trekkspel). |