JAKUPSCENA
  • HEIM
  • PROGRAM
    • Arkiv
  • OM JAKUPSCENA
  • BOOKING
  • KONTAKT OSS

Program våren 2023


26. mai: Tron Steffen Westberg og Ole Erik Feragen


Picture
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Picture
Foto: FolkOrg

 Tid: Fredag 26. mai kl. 21:00
​
​Stad: Billingen seterpensjonat, Skjåk
Billettpris: 200,-/100,-
Kjøp billett her: https://checkout.ebillett.no/227/events/1714/purchase
​Billettar kjøpast på nett eller i døra (kort/vipps)
Ungdomstalent: Info kjem


Om konserten:
I samband med Spelemannstreff i Skjåk 26.-27. mai arrangerer vi i Jakupscena vår siste konsert for vårsesongen 2023. Denne konserten foregår på Billingen seterpensjonat fredag 26. mai kl. 21:00.

Konserten blir med dei dyktige felesplarane frå Røros, Tron Steffen Westberg og Ole Erik Nilsgård Feragen. Ole Erik er no busett i Bøverdalen. 
Tron Steffen og Ole Erik er av dei fremste utøvarane i landet, og dei har begge eit drivande godt polsspel, både til konsert og til dans. Dei har utmerka seg på kappleikar og festivalar, og er etterktrakta folkemusikarar. 
Vi gler oss til å få oppleve dei på konsert i Skjåk, og ynskjer deg varmt velkomen!

Vi anbefalar også å få med seg resten av den innhaldsrike helga med Spelemannstreffet i Skjåk. For meir info om helga og påmelding til ev. dansespel eller booking av overnatting, kontakt post@billingen.no. 

Gje oss gjerne attendemelding om du har ynskje til artistar å høyre på Jakupscena (jakupscena@gmail.com).
Powered by Create your own unique website with customizable templates.
  • HEIM
  • PROGRAM
    • Arkiv
  • OM JAKUPSCENA
  • BOOKING
  • KONTAKT OSS