Det skal vere trygt for publikum, utøvarar, frivillige og arrangørar å delta på våre arrangement
Koronaviruset set ein del avgrensingar med omsyn til å samlast og å arrangere konsertar, men vi veit kor viktig kulturopplevingar og fysiske møteplassar er og vil difor gjere vårt beste for å legge til rette for trygge arrangement. Vi tek smittevern på alvor og følger til ei kvar tid dei gjeldande retningsliner frå myndigheiter nasjonalt og lokalt. Vi har ei rekke ulike smitteverntiltak og forventar også at våre gjestar følger desse slik at vi alle får ei trygg og god oppleving saman.
Dette forventer vi av deg som gjest:
Kjøp billett på førehand
Hald deg heime om du er sjuk eller viser symptom på luftvegsinfeksjon
Sørg for å ha god hygiene og ta i bruk Antibac som er plassert rundt om i lokalet
Hald avstand til andre utanom din eigen husstand, ingen klemming eller handhelsing
Dette kan du forvente av Jakupscena:
Vi legg til rette for at alle kan halde den anbefalte avstanden til ei kvar tid (per no 1 meter)
Vi har hyppige reingjeringsrutiner av overflater og kontaktflater som vert berørt ofte
Vi har alltid Antibac tilgjengelig fleire stader i lokalet
Vi fører liste over alle personar til stades på kvart arrangement for å kunne bistå kommuna i ei ev. smittesporing. Desse listene vert oppbevart i 10 dagar etter kvart arrangement.